Bankkort

Introduksjon av bankkort i Australia i 1969.

Bankkort er ei form for betalingsmiddel som kan nyttast i minibankar og betalingsautomatar. Eit bankkort er knytt til ein bankkonto og bruk eller uttak fører til at det blir trekt pengar frå kontoen direkte. Derfor blir slike kort også kalla debetkort, i motsetnad til kredittkort der det blir stifta gjeld når kortet blir nytta. Rekninga må då betalast i ettertid.

I Noreg er betalingsautomatane knytte til Bankenes Betalings Sentral (BBS).

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Developed by StudentB